Litt om Palestina si historie

Nå er det ei lita veke til eg skal av garde til Palestina i lag med ti andre representantar frå Fagforbundet og Norsk Folkehjelp. Eg sat og tenkte på forbruket av vann hjå oss som har meir enn nok i går kveld, der eg sat på ei restaurant og så vatnet fossa frå kranane for at det skulle være friskt nok. Det kan dei ikkje gjera i Gaza. bekk

I 1947 blei statane i FN einige om at Palestina skulle delast opp i ein jødiske del og en arabisk del. Før delingsplana blei satt i verk, erklærte sionistleiaren David Ben Gurion  den 14. Mai 1948 staten Israel for grunnlagt.

For palestinarane ble dagen etter, 15 mai, starten på katastrofen, Nakba. Rundt 750 000 palestinarar ble drevet frå sine heimar.

Israel-Palestina-konflikten er først og fremst en territorial konflikt mellom staten Israel og det palestinske folket. Dagens konflikt har sin bakgrunn i at europeiske jødar, sida 1880-tallet, flyttet til det såkalla historiske Palestina, et område som utgjer dagens Israel og Palestina. Hovuddrivkrafta for den jødiske innvandringa var trua på den jødiske stat.

Krigar og apartheid

Israel vant Seksdagarskrigen i 1967 og tok over store landområde der i blant Gaza frå Egypt; og Vestbredden frå Jordan.  Israel trakk seg ut av Gaza i 2005, men kontrollerer befolkninga gjennom ein streng blokade, sikringssoner på palestinsk jord og har styring på havområda utafor Gaza og luftområdet over. På Vestbredden er palestinaranes levemåte avgrensa av ein 670 km lang mur, den såkalla Apartheidmuren.

Okkupasjonen fører til blodig konflikt  mellom palestinarar og israelarar. Og så lenge staten Israel  forsett okkupasjonen, ikkje stoggar busettingar som bryter med folkeretten på palestinsk jord, samt driver aktivt segregering av det palestinske folk  vil det ikkje bli fred.

Til tross av at dei palestinske områda er okkupert av Israel, så er Palestina oppretta som en egen stat, og anerkjent som slik av 136 FN-land.. Andre land, inklusive Israel og USA, i tillegg til Noreg, gjer det dessverre ikkje. Eg meiner det er ein skam.

foss

Gaza. Sinne og frustrasjon

Gazastripa er av dei områda i verda med tettast folketettleik Der er det rundt 2 millionar menneskje som bur på eit landområde litt mindre enn Oslo. Mange, spesielt unge, er utan arbeid og håp.

95 % av drikkevatnet er forureina og i tillegg er grunnvatnet for salt til både å drikke og til å vatne jordbruksområda med. Ein kan kjøpe vann frå private selskap. Men då må ein ha økonomiske midlar. Gaza er fattig på andre naturlege resursar.

På grun av øydelagt infrastruktur går avløpsvatn og kloakk rett ut til havet. Dette fører til at palestinarane på Gaza ikkje kan bade i havet på grunn av forureining og mye av fisken er også dårleg. I tillegg til forureininga driver Israel svært strenge militære restriksjonar på fiske, noko som tar i frå palestinarane ein god resurs.

bu00e5t

Er du spesielt opptatt av historia i området finnes det mye skrevet. Eg anbefaler naturlig Fagforbundets og Norsk Folkehjelp sine hefte Farlige forbindelser,.

Neste blogginnlegg kjem etter at eg har landa i Palestina, eg kjem og til å leggja ut bilde som ikkje får plass i blogginnlegga på Facebook.

Kommenter innlegget