Fagforbundets og Norsk folkehjelp sin tur til Palestina

Eg Skafti Helgason, Palestinaambasadør frå Fagforbundet i Møre og Romsdal.   Skårungen i denne samanheng reiser til Palestina.

20181104_135252

Snart skal vi av garde igjen. Representantar frå Norsk folkehjelp og fagforbundet skal på reise og vitja våre samarbeidspartnarar i Gaza, Vestbredden og Israel.

Disse to organisasjonane Fagforbundet og Norsk Folkehjelp samarbeider med det mål å få norske politikarar og regjering til å auke presset mot det internasjonale samfunn. Med det mål  å bidra til slutt på okkupasjonen av Palestina.  Få ein ende på Midtøsten-konflikten og at de palestinske flyktningane skal få sin rett. Vi krev at Noreg anerkjenner Palestina som en sjølvstendig stat, slik som 135 statar allereie har gjort.

Fagforbundet og Norsk Folkehjelp arbeider også aktivt med at Oljefondet, investeringselskaper og næringsliv ikkje skal tene på den israelske okkupasjonen.  Er du klar over kor noe maten du spiser kjem ifrå? Eg har tru på at du tenker deg om i butikken.

Fagforbundet støtter Norsk Folkehjelp sine prosjekter på Vestbredden, inklusiv Øst-Jerusalem, i Gaza og i de palestinske flyktningleirane i Libanon. Norsk Folkehjelp arbeider gjennom palestinske organisasjonar og har stort fokus på demokrati og rettigheite.  Fagforbundet støtter ungdomar, kvinner, bønder og fiskarar. Vi støtter palestinske arbeidarar som arbeider i Israel.

20181027_1148592

Og kven er så eg. Skårungen som skal på sin første tur som Fagforbundets Palestina-representant, og skriv dette blogginnlegget.

Eg er ein Islending som har flyttet til Noreg og her har eg vært i over 30 år. Eg er pabba for fire ungar som snart er vaksne. Den eldste er tretti år og den yngste seksten. Eg har tre barnebarn som eg gjerne vi skal vakse opp i eit sosialistisk samfunn der alle barn får ein trygg oppvekst, at eldre får god omsorg og vi har respekt for naturen rundt oss.   Eg har vært aktiv i fagforeiningar heile mitt yrkesaktive liv og politisk aktiv. Eg arbeider som miljøarbeidar i Vestnes kommune i Møre og Romsdal og for tiden er eg lokallagsleiar i Fagforbundet Vestnes. Eg er også kommunestyrerepresentant for Vestnes Sv.  Eg liker å følge med og lese om internasjonal politikk. Har meininger og er ikkje redd for å uttrykke meg. Eg skriver ein del, fotograferer og trivst i skogen og på fjellet. Eg har ein hobby der eg er jarl i eit vikinglag i fritida. Liker meg godt i lag med aktiv ungdom.

Og nå skal vi elleve representantar av gårde til Palestina. Nokon av oss har ikkje vært der før, andre har vært der fleire gangar. Eg er spent på kva vi kjem til å oppleva. Eg gleder meg til å møte på våre samarbeidspartnarar og sjå med egne augo korleis situasjonen er i området. Eg er spent på korleis eg reagerer fysisk og psykisk på opplevingane vi skal møte, på segregert samfunn og situasjonen i Palestina.

Eg kjem til å skrive ein blogg under reisa, dette er første blogginnlegget,  Det neste kjem like før eg reiser, og leggja ut bilder og opplevingar på FB.  Nokon dagar mye, andre dagar mindre. Når eg kjem attende har eg som mål å orientere om kva eg har opplevd. Og fortsette mitt arbeid for fritt Palestina

 

 

Kommenter innlegget