Eg er sint

Den heilage by har tapt si uskyld i mine augo.

På eit hotell i den palestinske del av Jerusalem heng det ein nøkkel. Det heng mange slike rundt omkring.
Denne nøkkelen heng som eit minne om Nakba. Den etniske rensinga staten Israel tok for seg i perioden 1947 til 49. Palestinske borgarar bosatt på vestsida av FN si skillelinje i Jerusalem vart jaga på flukt, for aldri å kunne koma attende. Husa vart overtatt av israelske borgarar

I den perioden utrydda den israelske staten minst 500 landsbyar og drepte rundt 200.000 palestinarar og drev rundt 700.000 menneskje på flukt. Per dags dato er det rundt 7 miljoner palestinske flyktningar rundt om i verden.
Den heilage by var delt i øst (som var palestinsk styrt) og vest ( under staten Israel) Etter seks dagers krigen i 1967 hærtok den israelske stat heile byen. Den utvida bygrensa ut over palestinsk område dreiv folketelling og innførte israelske lover. Dette mot folkerettslige prinsipp. Og er du ein palestinsk innbyggjar i dag vert du trakassert på det sterkeste. Minimum kvart 10 år må du bevise at du bur i byen, med dokumentasjon på eigedom, eller leige. Med kvitteringer for vann og strøm. Med kvitteringer om betalte skattar. Og dette er ikkje nok. Jevnt over er det kontroller, der ein får banka på døra midt på natta. Inn kjem det menneskje som ser i kjøleskapet ditt, som sjekker om du har uoppredd seng eller handdukar på badet. Klarer ein ikkje bevise at ein bur i byen mister ein heimen sin. Og inn kjem israelske bosettarar. Den som må reise vert då utan rett til å bu i Jerusalem og det er ingen plasser å reise til.

Israelske innbyggjarar byggjer bosettingar i Vest-Jerusalem og ikkje kun rundt om kring i Palestina. Slike bosetninger er delt i tre kategorier. Heile samfunn inngjerda med piggtråd. Noen få hus i lag. Eller eit hus gjerne overtatt med eller utan loven i hand som utdriver den som egentlig burde der. Ein etablerer område med god infrastruktur for dei israelske innbyggjarane med gode parkeringsmuligheite med gangvegar, leikeplassar og skular. Alt inngjerda med piggtråd og vakta med kameraer og bevæpna vakttjeneste. Medan palestinarane på begge sider manglar nær sagt all infrastruktur. Til og med søppelet flyter. Her er det snakk om systematisk utrydding og fjerning av det palestinske folk frå Jerusalem.

Jeg er sint. Israel har bygd ein apartheitmur, der vi var var den åtte meter høg og ein meter brei. Den har bevæpna kontrollpostar der palestinske menneskje slit med å få reise i gjennom. Mange klatrer over for å kome på arbeid. Og heim igjen. Dei står i fare å bli fengsla. Meste parten av muren er inn på palestinsk område i byen og hevdes øyke sikkerheita. Det er etter min mening reinspikka tull.
Dagen i går var lærerik. Eg trudde et viste ein del om området. Kjente til og var klar til jobben min som Palestinaambassadør i Fagforbundet i Møre og Romsdal. Men når du står under muren og snakker med ein ung mann som bur seks minutter gange frå arbeidsplassen sin på det palestinske universitetet, og han forteller at han må reise ein og ein halv time for å kome seg på arbeid. Når du ser tungt bevæpna militær og politi. Både i bilar og langs vegan. Høyrer om og ser vegar som er kun for israelske borgarar. Då oppdager ein kor lite ein veit.

Eg er sint. Eg er fortvila, og ennå meir bestemt i og arbeide for den palestinske sak.

Kommenter innlegget