Tankar

Kvar dag vert det enten såra eller drept menneskje på Vestbredden og i Gaza.  Jord vert konfiskert. Menneskje jaga på flukt og hus knust til grus. Barn vert forhindra frå skulegang og nybygging av israelske busetnader øker.Det at eg ikkje har lagt ut noe her på noen dagar betyr ikkje at eg har gitt opp kampen, men heller det at eg har måttet bruke tid til å sortere dei opplevingar som vi hadde på vår reise. Vi som reiste frå Fagforbundet og Norsk Folkehjelp.

Og resultatet er klart. Innbyggjarane i Noreg og andre tenkjande demokratiske land må presse sine regjeringar til å godkjenne Palestina som ein stat. Og ein lyt arbeide for fredelig sameksistens i området. Murane må rivast og vann og jord leverast tilbake til rettmessige eigarar.

Fritt Palestina er eit krav.

Det blør over Gaza
fløymar kloak i gata
avrivne lemmer, ruiner, gråtande barn

Skarpskytaren siktar for å skade. og du Israel bomber marknad kyrkje og moske.

Eit mål

Å slakta Palestina.

Der havet er rødt som av blod.
Åkerland rasert av buldosarar,
brønnen der ho mor henta vann, full med stein.
Kvifor du Israel, guds folk,
Har ikkje du sett terror og døyd?
Gaza som Warszawas ghetto. Murane gret.

Og,
og du Israel
hugsar du ikkje Auschwitz.

Krigsmakta trampar ned marka.

Kommenter innlegget