Beduinane på Hebron-høgdene



Bort i det fjerne ser eg gatelys, vakttårn og kvite bygg. Det er eit av mange ulovlege nybyggjarområde på palestinsk område godkjent av en nasjon som ikkje bryr seg om folkeretten, men fordømt av ein hel verden. 



For oss som kjem langt vekk i frå, er det ein forblåst plass der ingen kan bu. Men likevel må dei det, beduinane på Hebron-høgdene. Når nybyggjarane har tatt landet deira, er det berre karrig jord att å drive sauebruk på.





«Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket.» Kven kjenner ikkje til denne teksten. Dei som er kristne leser den gjerne kvar jul.



Disse gjætarane kunne ha vært forfedrar til beduinane, det folket Israel vil drive vekk.



Etter at vi er blitt mottatt med kaffi av leiaren for beduinleiren går vi ned til eit lite byggverk. Der bur det ei familie nokon frå gruppa snakkar med. Vi får høyra om hellerane beduinane budde i før. Dei vart knust med bulldosarar. Vi får høyra om nybyggjarar og militære som kjem midt om natta og driver hærverk. Eg undras, hadde mine barn og barnebarn sove trygt i eit slikt terrorregime.





Beduinane er nomadar, men er nå tvungne til å helde seg på denne lille plassen og være bufaste. Familien har framdels sauer, men har utvida med bikuber for å prøve å få endane til å møtas. Eg ser at borte ved eit bygg går det ei kvinne og jagar på ein flokk med gjess. Eit esel står tjora i ein stolpe. Ingen av dei er ønska. Militære og nybyggjarane vil ha dei vekk. 





Beduinleiren har  ein liten skule, der lærer dei yngste barna grunnleggjande ferdigheite, medan dei eldre barna må gå til nærmaste landsby. Dei vert ofte plaga av nybyggjarar og militære på skulevegen.



Landsbyleiaren viser oss eit solselleanlegg, bygd for midlar frå tysk hjelpeorganisasjon. det gir dei strøm til dei små teltboligane. Det har dei fått ein rivingsorde på. Heile leiren har rivingsordre, og eg undrar om når israelsk militær kjem med bulldosarane. Vatn må dei kjøpe.





Vi vart mottatt med varme. Fekk snakke med kvinner, barn og menn. Fekk smake på den nydelige honningen. Beduinane, dei fattigaste av alle i Palestina, er ikkje blanda i verdens storpolitikk, det einaste dei ønsker er å få leva sit liv i fred, leve som nomadar i pakt med naturen slik forfedra deira har gjørt i generasjoner før dem.





Kommenter innlegget