Den blå døra

 

Etter min tur i Hebron kan eg ikkje si at eg var blid. Eg var både lei meg og rasande.

20181119_144139-1213284369.jpg

Er det ikkje fint med 800 til 1000 soldater i gata som passar på og fordriver systematisk palestinarane frå før bebudde område. Til fordel for ca 800 ortodokse jøder.

Er det ikkje fint å stå ved den blå igjensveisa døra bak plantehavet der ein av mange butikker i Hebron sin gamle «Karl Johan» var. Der palestinarane ikkje får gå eller delvis  kjøre. Og tungt bevæpna soldater kontrollerer forbigåande. Der palestinske skulebarn risikerer å bli trakassert og i verste fall fengsla.

Er det ikkje nydelig med den yrande handlegata der andre etasje av palestinske hus er okkupert av israelske okkupantar som kaster avføring og søppel ned over handlande og kjøpmenn.

20181119_150907-34533892.jpgFor direkte tall og informasjon gå gjerne inn på bloggen til ein anna palestina-ambassadør frå Fagforbundet tidforsolidaritet@wordpress.com

Her er det etter mi mening snakk om planlagt fordriving og trakassering av palestinske innbyggjarar av politiske og religiøse grunnar. Den store heilagdomen i byen Ibrahimi moskeen kontrollert av israelske militære styrkar, der tilfeldig forbipasserende vert provosert med spørsmål som «kva synes du om Israel» sjøl om dei antakeligvis veit i sitt hjerte at dei er i Palestina, eller «kva er din tru» medan dei avslappa svinger med maskingeværet.

Verden lyt vakna.

2 tankar på “Den blå døra

Kommenter innlegget